Bli med til Island og FEIF Youth Camp 2019

 

 

No har DU sjansen til å få delta på FEIF youth camp 2019. Campen går av stabelen på Island 7. – 14. juli og er for ungdommar mellom 14 og 17 år.

Målet med denne campen er å skape ein møteplass for ungdommar frå alle medlemslanda i FEIF. Her er det hesteinteressa som står i sentrum og det er og meininga at deltakarane skal lære litt om hestekulturen i vertskapslandet. All kommunikasjon går føre seg på engelsk.

Årets camp vil finne stad på Hestheimar, ein gard syd på Island. Her vil det bli riding, gåturar, besøk på gårdar, turar til Gullfoss og Geysir og mykje meir. Eit meir detaljert program finn du i invitasjonen.

Prisen per deltakar er 700 euro, NIHF vil dekke delar av denne summen for dei norske deltakarane.

Her finn du ein komplett invitasjon frå FEIF

Har du lyst til å delta? Send ein mail til bub@nihf.no i dag! Her er det førstemann til mølla. Norge får sende to deltakarar. Når desse plassane er fyllt opp, vil det bli oppretta venteliste.