« Tilbake

Islandshestens Dag 1. mai

Barn | ungdom | bredde
DSC 2415illustrasjon2

Norsk Islandshestforening ønsker å markere Islandshestens Dag, den 1.mai, i heile landet. Vi vil derfor oppfordre alle lokallag, rideskular/ stallar med islandshest og privatpersonar til å markere denne dagen. Korleis dagen vert markert er opp til kvar einskild. 

Eit lokallag kan til dømes arrangere eit dags-stevne der dei legg ekstra til rette for publikum som ikkje kjenner islandshesten ved at speaker «kommenterer» det som skjer på bana eller med medlemmer som går rundt på stevneområdet og kan svare på spørsmål frå publikum. Dagen kan og arrangerast som ei oppvisning, barneriding, «prøv tølt,» felles ridetur med utlån av hestar, salgsvisning, etc. Her er det berre fantasien som set grenser!

Som privatstall kan ein arrangere open stall, med same type aktivitetar som er nemnd over. Og som privatperson er det fint å nytte dagen til å gje nokon ei kjekk oppleving saman med islandshesten, til dømes ridetur, ridetime etc. Me vil oppfordre om at lokallag og private snakkar saman og passar på at dei ikkje konkurrerer med kvarandre, men heller samarbeider, tilbyr litt ulike typar arrangement og prøver å få dekka eit større geografisk område. 

Det viktigaste er at dagen vert nytta til å sette positivt fokus på islandshesten og gje nysgjerrige utanforståande eit innblikk i islandshestverda. Annonser gjerne dagen i forkant med ein plakat på den lokale matbutikken eller ei annonse i lokalavisa. 

NIHF vil tilby alle lokallag moglegheita til å bestille reklamemateriell til denne dagen eller til liknande tilstellingar. Ei slik kasse er gratis for alle lokallag og kan bestillast ved å sende ein mail til organisasjonssekretær Anine Lundh: post@nihf.no 

NB: Frist for bestilling er 18.april


Reklamekassa inneheld i utgangspunktet dette, men det kan bestillast ekstra  ved behov.

NIHF si reklamekasse 

  • 2 roll-ups
  • 50 flyers med medlemsinfo
  • 10 islandshestforum 

Legg ut bilete frå dykkar arrangement på instagram og merk det med  #islandhestensdag2018!

 

Lokal oversikt over dagar der islandshesten bør vere representert

For å fremje islandshesten og for å rekruttere nye medlemmar vil me og nytte høvet til å oppfordre alle lokallag til å lage ei oversikt over landbruksdagar, marknader, messer og andre lokale tilstellingar der islandshesten kan eller bør vere representert. Denne oversikta bør omfatte det same geografiske området som lokallaget dekkar. Med ei slik oversikt vil det vere lettare å ha oversikt over når og korleis ein kan få vist fram islandshesten, anten det er med ein stand, gangartsoppvisning, barneriding, eller noko heilt anna. Også til slike «oppdrag» vil NIHF tilby lokallaga at dei kan bestille reklamepakken som er nemnd over.