« Tilbake

Innholdsrike dager med FEIF-cup

Barn | ungdom | bredde
Victoria Ofeigur

Victoria og Ofeigur (Foto: Marte Winther Skorgenes)
I ettermiddag vart cupen offisielt avslutta med avslutningssermoni. Alle dei norske jentene har prestert godt og nådd nye mål. Fredag ettermiddag rei Aina og Luisa T3, dei leverte begge fine konkurransar, men det holdt desverre ikkje heilt til finale. Tre norske jenter rei og V2 uttakinga, Luisa sette ny personleg rekord med 6.03, dette holdt til B- finaleplass. Marte havna like utanfor finale på 11.plass og Aina fekk 23.plass. Victoria og Sekine rei V5. Sekine og Hugin viste seg flott fram og fekk karakteren 5.90, dette holdt til 6.plass og B-finale. Victoria og Ofeigur leverte og ein god prestasjon, men desverre vart det feil galopp og dermed havna dei utafor finale.
I dag, lørdag har det vore finalar og flaggritt. Sekine og Hugin var først ut i sine B-finalar. Det enda med 8.plass i både V5 og T7. Luisa og Jarpur var i B-finalen i V2, det enda med ein 10.plass. 
Me hadde tre startande i flaggrittet, Marte, Aina og Sekine. Sekine og Hugin fekk ingen av sine forsøk godkjente. Marte og Godi fekk 9.plass medan Aina og Spartakus leverte ein rask og feilfri runde og enda til slutt på ein flott 4.plass.
Siste norske ut i dag var Marte og Godi i T6 A-finale. Dei leverte ein fin finale og vart belønna med deira første 7ar for fritt valgt tempo tølt. Dei kapra til slutt 3.plassen med karakteren 6.34! 

I tillegg til alle desse flotte prestasjonane var det Sekine sitt internasjonale lag, "Kristjón and the killers" som vant team-konkurransen.

Ei kjekk veke er over og no er slitne og trøtte hestar, ryttarar og legleiarar klare for heimreise i morgon tidleg.

Fullstendig resultatliste på www.isresultat.se

Teambilde
(Foto: Malin Sørli)