« Tilbake

FEIF Youth Leader Event 2018

Barn | ungdom | bredde
young leaders

12.-14. januar var det klart for det andre FEIF youth leader event. Dette vart arrangert i Berlar i Tyskland.

Tanken er å samle unge leiarar (18-26 år), lokalt eller nasjonalt, frå FEIF sine medlemsland til ei helg der dei kan få ny lærdom og inspirasjon. Denne gangen var det 22 deltakarar på eventet. Landa som var representert var Tyskland, Nederland, Austerrike, Sverige, Island, Noreg og Danmark. Frå Noreg deltok Liv Fredskild og Mathilde Hognestad.
Det var fleire gode foredragshaldarar denne helga.

Den velkjende speakeren, Henning Drath, fortalde om kunsten å inspirere. Jolly Schrenk snakka om kor viktig det er med god timing i arbeidet med hestane. Dette synte ho og i praksis, både i rundpaddocken og ho tok oss med på ei treningsøkt med hesten Glæsir.

Jolly saman med Silke Feuchtofen fortalde og om kva som hadde vore viktig for dei på vegen mot verdsmeistertitlane. Ulla Fehse hadde fokus på teambuilding gjennom ulike praktiske oppgåver, leikar og konkurransar.

Sportspsykologen Sydney Querfurth hadde foredrag om korleis ein leiar bør forholda seg til ulike typar foreldre.

Dette er andre gong det vert arrangert Youth Leader Event, og neste er allereie under planlegging. Ei kjekk helg og eit godt konsept!